skjønnlitterær tekst som øving mot eksamen

Eg hatar det her. Ligge heilt vak i senga mi og ikkje få sove. Lys vaken ligger eg og kavar i senga mi, og hjartet hamrar innafor den tynne nattskjorta mi. Senga mi og eg er våte og kalde av sveitte, men eg er som lamma og blir bare liggande. Tårane sildrar nedover kinna mine som som bekker og eg prøver å drukne hulka mine i dyna… Eg er så fortvila og lei meg, men eg skjønar eigentlig ikkje heilt korfor. Ingenting spesielt har skjedd idag, ingen har eigentlig gjort noko gale imot meg, like vel så endte denne dagen også sånn som detta. Eg sto berre på det kalde badet og fraus på terne og pusset tenner, og ein enorm flodbølgje av sjølv hat og hjelpelausheit slo over meg. Pjuskar meg til sengs, men det er allereie for seint, kvelande og lammande tankar spinner igjennom hovudet mitt og alle fine og gode minner blir kvelt og forsvinner bort og eg sitter igjen med berre det vonde, det som vil øydeleggje og sabotere alt. Tenkjer og hatar alt og alle som ikkje veit eller forstår korleis eg har det nå. Og alt dei har gjort eller ikkje gjort imot eller for meg som gjer at eg ligger her slik no. Eg hatar det. At ingen tar kontakt først med meg for å finne på noko, eller spør korleis eg har det. At verda er urettferdig og alt eg ønskjer å gjere, men ikkje får til. At alle er så fordømt lykkelege og her ligger eg heilt aleine. Og at eg no kan bruke det som fyr på mitt eiga bål inni meg, som held me våken på nettene. Bruke time på time på å analysere kvar ein samtale og kvar lille ting som har skjedd den dagen. Alt som kan vri og vrengjast til noka negativt blir det, ligg og kvernar i hovudet mitt. Til eg er tom for tårar og vilje og til slutt ikkje orker meir, og berre sloknar av utmatting… Kanskje dagen i morgon blir betre, håper det

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg